Eldrefesten like kjekk i år som alltid

Så kjekt det er å sjå når folk koser seg, når dei har det hyggeleg, treffer kjente, blir kjent med nye, ja beint fram stråler av trivnad. Slik er det når Arna Rotary Klubb har sin årlege eldrefest, og slik var det også i år då festen fann stad 9. januar i kyrkjelydshuset i Arna. 

Gunvor Djønne ønskte velkomen eit hundretals gjestar, der dei aller fleste var blitt henta av sjåførar frå ARK, som på tradisjonelt vis bidrar med både å henta gjestane og sørgje for at dei kjem veil heim igjen etter festen.  Presidenten, Svein Akselberg, helste frå klubben og heldt ei kort og grei orientering om dei aktivitetane klubben årleg steller med, og der eldrefesten inngår som ei av dei kjekkaste oppgåvene og som alle medlemene ser fram til kvart år.  

Også i år deltok Haukeland Songlag med både kjente og kjære julesongar og nokre melodiar til, noko som det er tydeleg at gjestane set veldig stor pris på. Så all mogleg takk til Haukeland Songlag, med sin denne gongen nye dirigent Jan L. Jacobsen, for at dei stiller opp år etter år!! 


Hovudtalar på festen i år var tidlegare Land-ansvarleg i Røde Kors, Ole Johan Hauge, som snakka om Fangeleiren på Espeland, som jo er den einaste gjenverande leiren frå den 2. verdskrigen i Skandinavia. Han gav ein grundig og interessant gjennomgang av mange ulike skjebnar til folk som hamna i fangeleiren, og dei «forbrytelsane» dei hadde gjort seg skuldige i. I fangeleiren sat mellom anna motstandsfolk, sabotørar, gislar, politifolk og folk som berre hadde utført det ein kan kalla sivil ulydnad og gutestrekar. I alt var det 2026 personar som var innom leiren som fangar. Ole Johan understreka at leiren i dag framstår som eit unikt minnesmerke over kvinner og menn som kjempa for eit fritt Norge. 

Også i år blei det heile avslutta med utlodning av alle blomane som utgjorde bordpynten. Gunvor avslutta festen med takk til alle, og ekstra takk til Jan Erik Reknes som også i år akkompagnerte ved allsangen. 



 
Utdanningsmesse for 10. gang

17. november 2017

Utdanningsmesse for 10. gang

Arna Rotaryklubb holdt 16. november sin årlige utdanningsmesse i Bjørnarhallen på Garnes for 10. gang på rad. Klubbens «messegeneral», Arild Sundland Dale, sier at årets messe er en av de beste klubben har arrangert.

Bilder fra Round Trip med Arna Rotary

18. september 2017

Bilder fra Round Trip med Arna Rotary

Arna Rotary arrangerte Round Trip for ungdommer på besøk i Bergen. Se flotte bilder fra dagen på Osterøy og Arna.

Presidentskifte i Arna Rotary

26. juni 2017

Presidentskifte i Arna Rotary

Mandag 26 juni var det presidentskifte i Arna Rotary Klubb (ARK). Svein Erik Akselberg kunne da takke av etter et svært innholdsrikt år, og han overrakte presidentsymbolet og ansvaret til den nye presidenten, Bjørn Steine.

Strålende vintur til Rioja

30. april 2017

Strålende vintur til Rioja

Vi, 28 deltagere som var så heldige å ha anledning til å være med på tur til vindistriktet Rioja i Nord- Spania, møtte frem på Flesland søndag 23. april for å ta flyet frem til Bilbao med mellomlanding i Amsterdam.

ARK besøker dyrepensjonat

29. april 2017

ARK besøker dyrepensjonat

Mandag 29. mai var Arna Rotaryklubb gjester hos Myrbø Dyrepensjonat på Espeland i Arna. Dyrepensjonatet ligger idyllisk til i naturskjønne omgivelser nær Haukelandsvatnet på veien mellom Espeland og Unneland.

Ivar Eilertsen æresmedlem i Arna Rotary Klubb

24. mars 2017

Ivar Eilertsen æresmedlem i Arna Rotary Klubb

Ivar Eilertsen er utnevnt til æresmedlem i Arna Rotaryklubb.

Besøk hos Hordalands største elektroentreprenør

21. februar 2017

Besøk hos Hordalands største elektroentreprenør

25 medlemmer av Arna Rotaryklubb besøkte mandag 20. februar bedriften Magnus M. Thunestvedt AS i industriområdet på Arnadalsflaten i Indre Arna. Med sine om lag 240 ansatte er dette Hordalands største elektroentreprenør.

Eldrefesten like kjekk i år som alltid

17. januar 2017

Eldrefesten like kjekk i år som alltid

Så kjekt det er å sjå når folk koser seg, når dei har de hyggeleg, treffer kjente, blir kjent med nye, ja beint fram stråler av trivnad. Slik er det når Arna Rotary Klubb har sin årlege eldrefest, og slik var det også i år.

Julegodt

12. desember 2016

Julegodt

I Bergen heiter det seg visstnok at når ein aktivitet har funne stad to gonger, då er det blitt ein tradisjon.

Enda en vellykket utdanningsmesse

21. november 2016

Enda en vellykket utdanningsmesse

For niende gang siden starten i 2008 arrangerte ARK torsdag 17. november Utdannings- og rekrutteringmesse i Bjørnarhallen på Garnes.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Arna Idrettspark
Adresse: Indre Arna vegen 189
Postnummer: 5260
Sted: Indre Arna
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: GPS koordinater: 60.425737,5.471642

Yrkesforedrag - Kristin Akselberg
22. jan. 2018, 19.00

Referent: Aksel 3 min: Sveinung Nøkler: Vidar

Praktisk rundt PETS
5. feb. 2018, 19.00

Referent: Odd 3 min: Hallvard Nøkler: Svein-Erik

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...